Går du i 5.–7. klasse? Bli med på teaterworkshop med Teatret Vårt
Korleis blir ein idé til ei historie? Og korleis kan vi fortelje henne med kropp, stemme, musikk og fantasi?
Bli med når skodespelar Linn Wennersten og musikar Bård Watn inviterer til ei leikande reise inn i teateret si verd.
Alle menneske og stader har historier. Nokre har skjedd på ordentleg, medan andre berre finst i fantasien. I denne workshopen utforskar vi korleis ein liten idé kan vekse til ei historie, og korleis vi kan gjere henne levande på scena.
Vi leikar med teater, kropp, stemme, musikk og fantasi. Gjennom morosame teaterøvingar får de vere kreative saman og oppdage kor mykje ein faktisk kan finne på når det ikkje finst nokon fasit. Til slutt set vi ideane saman og lagar vår heilt eigne miniframsyning, skapt frå vår eigen fantasi.
Workshopen er for deg som går i 5.–7. klasse, og er ein del av eit pilotprosjekt knytt til Valldal 2029, der historieforteljing står sentralt.
Du treng ikkje å ha erfaring med teater. Kom som du er, ver nysgjerrig og bli med på å skape ei historie saman med oss.
Max 20 deltakere - Bindende påmelding