Framsyninga klokka 17 vart raskt utseld, så her er ei ekstra framsyning.Tradisjonen tru inviterer Giske Mållag deg til å bli med å synge julesongar på Søndagsskulehuset på Roald. Som i fjor og året før er Dag-Filip og Merete Roaldsnes musikalske vertar, og dei har leita fram eit knippe vakre julesongar for oss. På nynorsk (eller dialekt), sjølvsagt.
Billettar på Tikkio - 165 for vaksne, 85 for barn. Følgjepersonar med følgjekort gratis.